ARBEIDSLIV OG ØKONOMISK VEKST
Arbeidsliv og økonomisk vekst

For at Bjerkreim også i framtida skal vera attraktiv å busetja seg i, treng me økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Landbruk er ein av berebjelkane i kommunen vår. Slik skal det også vera framover. Arbeiderpartiet har alltid kjempa for eit arbeidsliv der tilsette skal ha løn til å leva av, og sosiale ordningar som skaper tryggleik. I dag ser me at stadig fleire bransjar er under press frå lite seriøse aktørar. I åra framover må dette bli teke på alvor, i samarbeid mellom det offentlege, bedrifter og tilsette. Me har felles ansvar for at sosial dumping og arbeidslivskriminalitet ikkje skal få fotfeste.
Me vil:
·Støtta vidare opp om Bjerkreim Næringshage.
·Utarbeida ein handlingsplan for å gjera Bjerkreim kjent som turistmål.
·Ha ein visjon om å gjera Dalane like kjent som Jæren og Ryfylke.
·Arbeida for at eksisterande offentlege arbeidsplassar ikkje vert sentraliserte.
·Ikkje konkurranseutsetja kommunale tenestar innan helse-skule-omsorg-reinhald.
·Bjerkreim kommune ved landbrukskontoret skal stimulera til nytenking for å sikra eit berekraftig og levedyktig landbruk.
·Ta inn lærlingar innanfor fleire fagfelt.
·Bjerkreim kommune skal aktivt praktisera krav til seriøsitet i arbeidslivet, og innføra Rogalandsmodellen.
·Det skal vera fortrinnsrett til auka stilling for dei som jobbar deltid.
·Sundagen skal framleis vera fridag for flest mogleg.