ARBEIDSLIV OG ØKONOMISK VEKST

Arbeidsliv og økonomisk vekst

Garn

For at Bjerkreim også i framtida skal vera attraktiv å busetja seg i, treng me økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Landbruk er ein av berebjelkane i kommunen vår. Slik skal det også vera framover. Arbeiderpartiet har alltid kjempa for eit arbeidsliv der tilsette skal ha løn til å leva av, og sosiale ordningar som skaper tryggleik. I dag ser me at stadig fleire  bransjar er under press frå lite seriøse aktørar. I åra framover må dette bli teke på alvor, i samarbeid mellom det offentlege, bedrifter og tilsette. Me har felles ansvar for at sosial dumping og arbeidslivskriminalitet ikkje skal få fotfeste.

Me vil:

·Støtta vidare opp om Bjerkreim Næringshage.

·Utarbeida ein handlingsplan for å gjera Bjerkreim kjent som turistmål.

·Ha ein visjon om å gjera Dalane like kjent som Jæren og Ryfylke.

·Arbeida for at eksisterande offentlege arbeidsplassar ikkje vert sentraliserte.   

·Ikkje konkurranseutsetja kommunale tenestar innan helse-skule-omsorg-reinhald.

·Bjerkreim kommune ved landbrukskontoret skal stimulera til nytenking for å sikra eit berekraftig og levedyktig landbruk.

·Ta inn lærlingar innanfor fleire fagfelt.

·Bjerkreim kommune skal aktivt praktisera krav til seriøsitet i arbeidslivet, og innføra Rogalandsmodellen.

·Det skal vera fortrinnsrett til auka stilling for dei som jobbar deltid.  

·Sundagen skal framleis vera fridag for flest mogleg.

Er du enig med Bjerkreim Arbeiderparti om ARBEIDSLIV OG ØKONOMISK VEKST?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker