HELSE OG OMSORG
helse og omsorg

Den komande perioden skal det nye omsorgssenteret for Bjerkreim planleggjast og byggjast. Like viktig som alt byggeteknisk, er innhald og kvalitet for bebuarar og besøkjande. Bjerkreim kommune må og ta meir ansvar for gode bustader for yngre innbyggjarar med psykiske og fysiske vanskar.
Me vil:
·Ha ein koordinator for frivillig arbeid – til hjelp både for heimebuande og omsorgssenteret.
·Utforma området ved Kodleberghagen/omsorgssenteret slik at det er naturleg for små og store å gå innom, og ikkje berre forbi.·
Omsorgssenteret skal ha eige kjøkken – der all mat kan lagast frå botnen av.
·Kartleggja og stimulera til fleire treningsaktiviteter for 65+. Betre styrke og balanse gir stor helsegevinst og tryggleik.
·Velferdstenestane må heile tida utviklast og fornyast. Ny teknologi vil forenkla mange oppgåver. Dette skal frigjera tid til stell og omsorg.
·Unge med utfordringar skal i større grad kunne eiga eigen bustad. Bjerkreim kommune på sjå på ulike pakkeløysingar saman med Husbanken og foreldre.
·Sikra framleis støtte til Akutt teamet (First Responder).