SKULE OG OPPVEKST

Skule og oppvekst

Garn

Arbeiderpartiet har tru på ein sterk fellesskule. Det er viktig og utviklande å vera i ein klasse med elevar med ulik sosial bakgrunn, elevar med ulik tru,   elevar som er sterke teoretisk og   elevar som er flinkast med hendene. Elevar som speglar det mangfaldet me treff resten av livet. Det skal vera rom for alle, og alle skal få moglegheit til å utvikla evnene sine. Trivsel, og ei kjensle av å ha ein trygg skulekvardag, er det  mest grunnleggjande for kunne læra. Arbeidet for å avdekka og hindra mobbing må alltid stå i fokus.  

Me vil:

·At våre lærarar skal bruka mest tid til undervisning, og mindre til byråkratisk rapportering. 

·Ha leksebevisste skular der hovudregelen er at skulearbeidet vert gjort i løpet av skuledagen.

·Arbeida for å innføra eit sunt og gratis skulemåltid for alle elevar i grunnskulen.

·Skulane i Bjerkreim skal få behalda sine særpreg, samtidig som ein samarbeider der dette er naturleg.

·Talet på spesialpedagogar skal tilpassast behovet.

Er du enig med Bjerkreim Arbeiderparti om SKULE OG OPPVEKST?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker